1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Nær 46 millionar i mediestøtte til samisk språk og kultur

Samisk mann i tradisjonelt antrekk fotografert bakfra.

Medietilsynet opnar nå for søknader om mediestøtte frå samiske nyheits- og aktualitetsmedium. I år skal det fordelast nesten 46 millionar kroner etter ny forskrift for støtteordninga.

Støtteordninga er retta mot aviser som legg til rette for demokratisk debatt og meiningsdanning i det samiske samfunnet og skal stimulere til produksjon av eit breitt journalistisk innhald retta mot den samiske befolkninga, i tillegg til å fremme utvikling av dei samiske språka.

– Medium som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe kan søke om produksjonstilskott etter ordninga. Andre publikasjonar kan søke om tilskott for fast og regelmessig publisering av saker på samiske språk, fortel avdelingsdirektør Hanne Sekkelsten i Medietilsynet.

Den samla støtta i år er på 45 970 000 kroner. 

Søknadsfristen er 30. april. 

Ny forskrift for søkarane i år

Frå og med 1. januar 2026 er det ei ny forskrift som regulerer tilskottet. 

– Ordninga er nå plattformnøytral, og er betre tilpassa den digitale kvardagen ved at medium kan bidra til å bevare og utvikle dei samiske språka også digitalt, seier Sekkelsten.

Den nye forskrifta har fleire likskapstrekk med «Forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium» enn den førre, og inneheld krav til blant anna eigenproduserte saker, abonnementstal og redaksjonelle årsverk. 

Støtteordninga skal altså framleis delast på produksjonstilskott og tilskott til enkeltsaker på samisk.

Fleire samiske språk er inkluderte i ordninga

For å gi insentiv til fleire saker på samisk, opnar den nye forskrifta for tilskott til fleire samiske språk enn dei som var inkludert i den gamle ordninga. Tidlegare var det avissider skrive på lule- eller sørsamisk som kunne få tilskott for eigenprodusert stoff. 

– Frå 2026 blir også nordsamisk, pitesamisk, umesamisk og austsamisk/skoltesamisk inkludert i ordninga. Kvart enkelt medium får berekna tilskott på grunnlag av andel samiske saker av alle saker siste kalenderår før tilskottsåret, seier Sekkelsten. 

Tilskott til saker på samiske språk kan utgjere til saman inntil åtte prosent av ordninga for kvart enkelt år, ein auke frå tidlegare forskrift der grensa var på inntil fire prosent. Produksjonstilskottet vil framleis vere den største delen av tilskottet.

I den nye ordninga skilst det mellom høgfrekvente og lågfrekvente nyheits- og aktualitetsmedium. Kva tilskottsgruppe kvart enkelt medium tilhøyrer blir avgjort av abonnementstal, talet på eigenproduserte saker i året og per veke, og redaksjonelle årsverk. Vektinga mellom grunntilskott og variabelt tilskott er også ulik i høg- og lågfrekvent tilskottsgruppe. 

Tildeling av midlar vil skje i løpet av hausten 2026. 

Nyttige lenker:

Pressemeldinga frå kultur- og likestillingsdepartementet om den nye forskrifta
Ny forskrift om tilskott til samiske nyheits- og aktualitetsmedium
Medietilsynets nettsider med informasjon og rettleiing om ordninga 

  Abonner på nyheter (RSS)