Høyringar og høyringssvar
Vurdering av NRKs bidrag til mediemangfald og konkurransemessige verknader av NRKs tilbod
Bransjeaktørar og andre interessentar blir nå inviterte til å komme med innspel i samband med at Medietilsynet skal gjere vurderingar av NRKs bidrag til mediemangfaldet og konkurransemessige verknader av NRKs tilbod.
Kultur- og likestillingsdepartementet har bedt Medietilsynet utarbeide ein rapport om NRKs bidrag til mediemangfaldet og konkurransemessige verknader av NRKs tilbod. Utgreiingsarbeidet er ein del av førebuingane til dei neste fireårige styringssignala for mediepolitikken, som skal gjelde for perioden 2027–2030. Forslag til styringssignal blir lagt fram av regjeringa, og blir behandla av Stortinget.
Medietilsynet skal kartlegge korleis NRK medverkar til mediemangfaldet, og korleis verksemda til NRK verkar inn på konkurransesituasjonen i den norske mediemarknaden. Rapporten skal legge fram eit faktabasert grunnlag for utforminga av fireårige styringssignal for NRKs økonomiske rammar, og ei vurdering av om det er behov for å endre allmennkringkastingsoppdraget til NRK.
Medietilsynet skal vurdere korleis tilbodet til NRK, samanlikna med tilbodet frå andre aktørar, bidrar til innhalds- og bruksmangfald, korleis NRK oppfyller sitt særskilte ansvar for å dekke tematiske og geografiske blindsoner, og korleis NRK gjennom samarbeid med andre aktørar bidrar til mediemangfaldet. Vidare skal Medietilsynet vurdere eventuelle konkurransemessige verknader av eit utval av tenestene til NRK, særleg det digitale nyheits- og aktualitetstilbodet, og om NRK sitt nærvær i marknaden påverkar konkurransen på ein slik måte at det svekkjer det samla tilbodet til publikum.
Medietilsynet hentar inn innspel frå bransjen
For å sikre at Medietilsynet fangar opp både utviklingstrekk og erfaringar som er relevante for vurderinga av NRKs bidrag til mediemangfaldet, er det lagt opp til ein prosess med dialog og innspel frå bransjen. Medietilsynet skal både greie ut sjølv og hentar inn bidrag frå eksterne utgreiingskrefter, til dømes til ein konkurranseanalyse av NRKs nyheits- og aktualitetstenester på nett.. I tillegg opnar Medietilsynet nå for innspel frå bransjeaktørar og andre interessentar om NRKs bidrag til mediemangfaldet.
Innspel kan sendast til innspill@medietilsynet.no. Frist 31. oktober.
Les oppdragsbrevet frå Kulturdepartementet om NRK og bidraget til det norske mediemangfaldet her.
Fristen for arbeidet med rapporten om NRKs bidrag til mediemangfaldet er 10. april 2026.