1. Startsiden
  2. Tv, film og radio
  3. Film og kino

Film og kino

Visning av film i skule, barnehage eller fritidsklubb

Kva reglar gjeld når du skal vise film for barn på skulen, barnehagen eller fritidsklubben? Medietilsynet forklarer.
Kva reglar gjeld når du skal vise film for barn på skulen, barnehagen eller fritidsklubben? Medietilsynet forklarer.

Når du skal vise film i skulen, må du følge reglane om aldersgrenser. Dette betyr at dersom filmen har høgare aldersgrense enn alderen til barna må skulen bruke "ledsagerregelen", og ha samtykke frå foreldra for å kunne vise filmen.

Aldersgrensa skal følgast

Bildeprogramlova skal beskytte mindreårige mot skadeleg påverknad frå levande bilde. Lova gjeld blant anna for vising av film ved det som blir kalla «allmenn samankomst».

Reglane om vising av film ved allmenn samankomst gjeld også for skuleklasser, barnehagar, SFO, fritidsklubbar og liknande. Skulen må følge aldersgrensa for filmen, og alle barn som ser filmen skal i utgangspunktet ha nått aldersgrensa som er sett.

Slik fungerer aldersgrensene for film og program

Etter 1. januar 2023 settes alle aldersgrenser, både for kino, tv og norske strøymetenester, av bildeprogramdistributørane sjølve. Dette gjer dei etter retningslinjer frå Medietilsynet.

Aldersgrensene i Noreg er A (Tillate for alle), 6 år, 9 år, 12 år, 15 år og 18 år. Sjølv om hovudregelen er at aldersgrensa på filmen skal følgast, opnar lova for at barn kan få sjå film med eitt trinn høgare aldersgrense enn alderen til barnet tilseier, dersom dei er i følge med føresette eller andre stad for føresette. Dette blir kalla "ledsagerregelen" og finst i bildeprogramlova.

Saman med føresette kan altså eit barn som er 9 år sjå ein film med 12-årsgrense, og alle barn kan sjå ein film med 6-årsgrense i følge med føresette. 18-årsgrensa er likevel absolutt.

Skular må hente inn samtykke frå føresette for barn som er yngre enn aldersgrensa

Når barn ser film i skulen, på skulekino, i samband med SFO eller i barnehagen, regnes det som om barnet ser filmen aleine utan følge. Dette gjeld sjølv om det er vaksne lærarar, assistentar, pedagogar eller liknande til stades under vising. Dersom skulen ønsker å vise ein film med høgare aldersgrense, må dei derfor innhente samtykke frå foreldra. Dersom foreldra gir eit slikt samtykke, vil læraren opptre på vegne av foreldra som følge for barnet.

Det er viktig at foreldra på førehand får god informasjon om kva slags film skulen ønsker å vise barna, slik at dei har eit godt grunnlag for å eventuelt kunne gi eit slikt samtykke.

Aldersgrensene blir sette ut frå kva eit barn kan ta skade av å sjå

Aldersgrenser i Noreg blir sette ut frå ei vurdering av om innhaldet kan vere skadeleg for barn og unge i ulike aldersgrupper. Dette kan du lese meir om her.

Vidare er det viktig å hugse på at aldersgrensene ikkje seier noko om ein film er eigna for eller passar for barn i denne aldersgruppa. Aldersgrensa seier heller ikkje noko om kven som er filmen si målgruppe. Ein film som er tillaten for alle treng derfor ikkje nødvendigvis å passe eller eigne seg for barn under ein viss alder.

Dersom skulen planlegg å vise ein film med høgare aldersgrense enn barna sin alder, er det derfor viktig at skulen set seg godt inn i filmen på førehand, og at dei vurderer elevane sine og deira anteke tålegrense opp mot filmen si aldersgrense. Det kan også vere lurt å førebu elevane på kva slags film dei skal sjå.

Filmar frå Netflix eller andre strøymetenester med andre aldersgrenser

Netflix og andre strøymetenester har rettleiande aldersgrenser som ikkje er sette etter den norske bileteprogramlova. Her må lærarar/vaksne sjølv gjere ei vurdering med utgangspunkt i aldersgrensene som strøymetenesta har sett. Også her bør ein bruke følgeregelen, og be foreldre om samtykke når aldersgrensa er høgare enn barna sin alder. 

I 2015 blei det nye aldersgrenser i Noreg då den nye bildeprogramlova kom. Dersom de vil vise filmar på dvd/Blu-ray som er frå før 1. juli 2015 kan dei gamle aldersgrensene brukast.

Klarering av rettar

Vising av film i den ordinære klasseromsundervisinga blir rekna som «privat» etter åndsverksloven. Det vil derfor vere høve for lærarar til å vise ein film for ei heil klasse dersom dette er ein del av den ordinære klasseromsundervisinga. Dersom filmen blir vist i samband med undervising av større grupper eller fleire klasser, vil slik bruk normalt måtte klarerast med rettshavar (distributør av filmen eller programmet).