Nyhetssaker
Medietilsynet: NRK oppfyller framleis ikkje nynorskkravet
NRK oppfylte i det store og heile allmennkringkastaroppdraget sitt i 2025. Men kravet om minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer blei verken oppfylt for radio eller nett, viser Medietilsynets årlege tilsyn med NRK.
Av dei mange krava som blir stilte til NRK i vedtektene, fann Medietilsynet at det berre var kravet om minst 25 prosent nynorsk på radio og på nett som ikkje blei oppfylt i 2025.
Med 23,4 prosent nynorsk på NRK.no var NRK nærmare minstekravet på nett enn nokon gong tidlegare. På radio gjekk nynorskandelen ned til 23,3 prosent, etter at NRK i 2024 oppfylte kravet på radio for første gong sidan 2019. På tv var nynorskandelen 28 prosent i 2025, og NRK oppfylte dermed kravet på denne plattforma på same måte som tidlegare år.
— Språkoppdraget til NRK er viktig, og Medietilsynet har i fleire tilsyn peika på at NRK må auke nynorskbruken for å oppfylle kravet på alle plattformer. Det er positivt at NRK nå har etablert systematiske tiltak for å styrke språkarbeidet. Vi forventar at dette resulterer i at kravet til 25 prosent nynorsk blir oppfylt, også på dei plattformene som ikkje har tilstrekkeleg bruk av nynorsk i dag , seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
NRK oppfyller dei andre krava
Medietilsynet vurderer at det samla tilbodet til NRK hadde høg kvalitet og ei stor breidde i tema og sjangrar i 2025. Det blir også slått fast at NRK hadde eit solid innhaldstilbod som kjelde til innsikt, refleksjon, oppleving og kunnskap. Vidare oppfylte NRK kravet om å ha eit tilbod til både breie og smale grupper i befolkninga og eit tilbod som appellerer til alle aldersgrupper.
— Tilsynsresultatet for 2025 viser at NRK i det store og heile oppfylte samfunnsoppdraget sitt i samsvar med krava, seier Velsand.
NRK bidrar til mediemangfald i Noreg
Medietilsynet peikar på at NRK bidrar til auka innhalds- og bruksmangfald ved å oppfylle det breie allmennkringkastingsoppdraget sitt. NRK har eit breitt og fordjupande nyheits- og aktualitetstilbod, både på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vidare speglar NRK Noregs identitets- og kulturmangfald. NRK har ein innhaldsprofil som differensierer seg frå kommersielle aktørar og når breitt ut i befolkninga, også med innhald dei elles i mindre grad oppsøker.
NRK har dessutan strengare krav til universell utforming og bidrar til auka bruksmangfald ved å leggje til rette for at personar med funksjonsvariasjonar skal kunne nytte seg av NRKs tilbod.
— Resultatet frå tilsynet med NRKs verksemd i 2025 viser at NRK kombinerer samlande folkelege tilbod med brei appell og tilbod som anten ut frå tema eller målgruppe har ein smalare publikumsappell. Dette er i tråd med konklusjonane i Medietilsynets rapport om korleis NRK bidrar til det norske mediemangfaldet, som blei lagt fram tidlegare i år, seier Mari Velsand.
Heile allmennkringkastingsrapporten for NRK i programåret 2025 finn du her.
Utvalde konklusjonar frå tilsynet med NRKs allmennkringkastarverksemd i 2025:
- I 2025 hadde NRK ei brei og balansert dekning av stortings- og sametingsvalet, der alle parti og lister over ein viss storleik blei omtalt. NRK Nyheiter produserte løpande nyheitsdekning på radio, tv og nett, og bidrog i 2025 med eit breitt og fordjupande nyheits- og aktualitetstilbod, som sette både nasjonale og internasjonale saker i ein større samanheng.
- NRK har hatt distriktssendingar alle kvardagar både på tv og på radio og har eit løpande oppdatert regionalt nyheits- og innhaldstilbod på nett. NRK oppfylte også kravet om å vere til stades i alle fylka i 2025.
- NRK Sápmi har daglege samiskspråklege program for den samiske befolkninga og har sendt innhald på både nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. NRK oppfylte også krava til jamlege program på samisk for barn og unge.
- NRK bidrar til det norske mediemangfaldet både regionalt og nasjonalt, blant anna gjennom ei rekke ulike tiltak og samarbeid med andre medieaktørar.
- NRK oppfylte krava om å formidle norsk drama og film og stimulere norske produksjonsmiljø. NRK oppfylte også kravet om å legge ut minst 40 prosent av det frie programbudsjettet på tv frå 2023 til og med 2025 med eit snitt på 51 prosent.
- NRK oppfylte krava knytte til å fremme retten barn har til ytringsfridom og informasjon og til å skjerme barn mot skadelege former for innhald.
- NRK spelte minst 40 prosent norsk musikk i sine ti største radiokanalar. NRK oppfylte også krava om å fremme musikk frå samiske artistar, komponistar og tekstforfattarar og å fremme musikk av talent frå nasjonale minoritetar i Noreg.
- NRK formidlar kunnskap om og viser mangfaldet i det norske samfunnet gjennom både fleirkulturell kompetanse og innhaldstilbod.
- NRK har samla, formidla og belyst eit breitt spekter av religiøse perspektiv og livssyn i 2025. Formidlinga har eit tyngdepunkt i kristne tradisjonar i tilbodet, men speglar også eit mangfald av livssyn og religionar i det norske samfunnet.
- NRK har i 2025 hatt sportssendingar som dekket både breidda i norsk idrettsliv og store idrettsarrangement. NRK har også dekt idrettsutøving for personar med funksjonsvariasjonar.