1. Startsiden
  2. Tv, film og radio
  3. Reklame, sponsing og produktplassering

Reklame, sponsing og produktplassering

Reklame for pengespel på tv

Foto dekorativt

Det er berre Norsk Tipping, Norsk Rikstoto og nokre store landsdekkande lotteri som har løyve til å marknadsføre pengespel i Noreg. All anna reklame for pengespel i Noreg er forbode etter lotterilova, pengespeloven og forskrift om totalisatorspel.

Marknadsføring av pengespel i audiovisuelle medietenester

Det er forbod mot marknadsføring på tv og i audiovisuelle bestillingstenester av pengespel som ikkje har løyve i Noreg. Dette gjeld blant anna marknadsføring frå alle utanlandske pengespelselskap. Det er Medietilsynets oppgåve å sette grenser for slik reklame retta mot norske sjåarar for å bidra til å redusere negative konsekvensar av pengespel.

Medietilsynet kan stanse ulovleg pengespelreklame

Medietilsynet har frå 2021 fått rett til å stanse reklame for pengespel i fjernsyn og audiovisuelle bestillingstenester på visse vilkår. Kringkastingslova gir Medietilsynet moglegheit til å pålegge tv-distributørar og netteigarar å hindre tilgangen til slik reklame.

Eit pålegg kan gå ut på at norske distributørar må iverksette tekniske tiltak som skal hindre eller vanskeleggjere at publikum får tilgang til den ulovlege marknadsføringa, eller at det blir inngått avtalar med dei audiovisuelle medietenestene om at ulovleg pengespelreklame som er forboden etter norsk lov ikkje skal formidlast i distributøren sine nett.

Medietilsynet kan berre gi pålegg som gjeld marknadsføringa for pengespel, ikkje anna innhald. 

Fleire pengespelselskap som ikkje har løyve i Noreg reklamerer for pengespela sine på tv-kanalar som sender frå andre land, med norske sjåarar som målgruppe. Slike kanaler følger reglane i landa der dei sender frå, og som ikkje har tilsvarande forbod mot marknadsføring av pengespel som Noreg har.

Medietilsynet har i 2022 pålagt distributørene Telenor, Telia, Altibox, Allente og RiksTV å hindre at publikum får tilgang til marknadsføringa som er ulovleg i Noreg og som blir vist på tv-kanalane MAX, VOX, FEM og Eurosport Norge, som alle er Discovery-kanalar.  

 

E-post ikon Spørsmål om temaa du finn på denne sida kan rettast til kringkasting@medietilsynet.no 

oransje strek 2 smalere.png

Nyheitssakar om pengespel:

2022:

Norsk Tipping varslar redusert reklametrykk

Medietilsynet og Lotteritilsynet ber norske pengespelaktørar om å redusere reklametrykket på tv

Medietilsynet opprettholder vedtak om å stanse pengespillreklame på tv

Medietilsynet mener: Målet er å verne sårbare spillere

Medietilsynet pålegger tv-distributørene å stoppe pengespillreklame fra Discovery

Høyesterett har avvist anke fra Discovery om ny pengespillreklame-regel

Mindre pengespillreklame på tv

2021:

Medietilsynet støttar forslag om blokkering av pengespel-nettsider

Tv-distributørene har svart på Medietilsynets varsel om stans av pengespillreklame

Tilsyn viser omfattende brudd på pengespillregelverket fra Discovery

Ny pengespellov gjer det straffbart å marknadsføre pengespel mot barn

2020:

Utenlandske pengespillaktører reklamerer mindre på norsk tv

Neste år kan Medietilsynet stanse markedsføring for pengespill uten tillatelse i Norge

Nytt lovforslag lagt fram: Medietilsynet kan stanse reklame for pengespill som ikke er tillatt i Norge