1. Startsiden
  2. Mediestøtte

Mediestøtte

Støtte til TV 2

Avtalen mellom TV 2 og staten skal bidra til å styrke mediemangfaldet i Noreg, sikre ein konkurrent til NRK, og få riksdekkande nyheitssendingar produserte utanfor Oslo.

Avtalen mellom staten og TV 2 trødde i kraft 1. januar 2019, og varar i fem år fram til 31. desember 2023.

Avtalen går ut på at kanalen blir kompensert med inntil 135 millionar kroner kvart år i fem år for nettokostnadene i samband med å levere allmennkringkastingsinnhald.

For å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget skal TV 2:

  • Sende eigenproduserte riksdekkande nyheitsprogram med base i den sentrale nyheitsredaksjonen
  • Sende norskspråklege program for barn og unge
  • Sende førstegongsvisningar av norsk film- og tv-drama

Avtalen set også krav til korleis det lineære og ikkje-lineære allmennkringkastingsinnhaldet skal gjerast tilgjengeleg. Hovudredaksjonen og nyheitsredaksjonen må vere lokalisert minst 100 kilometer utanfor Oslo. Avtalen inneheld også krav om korleis kompensasjonen skal disponerast og korleis rekneskap og rapportering skal gjennomførast.

Avtalen stiller også ei rekke krav til TV 2s programverksemd som ikkje er ein del av allmennkringkastingsoppdraget, og som TV 2 ikkje får økonomisk kompensasjon for.

Les meir om allmennkringkastingsoppdraget til TV 2 her.

Medietilsynets ansvar er å vurdere om TV 2 overheld forpliktingane sine i avtalen i ein årleg rapport. Den endelege kompensasjonen frå år til år blir først fastsett etter at Medietilsynet har vurdert korleis TV 2 har oppfylt forpliktingane sine.

oransje strek 2 smalere.png

Tidligare nyheitssaker om støtte til TV 2

2022:

TV 2 oppfylte dei fleste krava som allmennkringkastar i 2021

2021:

Medietilsynet forfølger ikke brudd som skyldes korona: TV 2 oppfylte de fleste kravene i 2020

2020: 

Medietilsynet reduserer kompensasjonen til TV 2 med 5,8 millioner etter brudd på lokaliseringskravet 

Medietilsynet har vurdert første år med ny allmennkringkastaravtale: To brot for TV 2 – men oppfyller dei fleste krava 

TV 2 har levert sitt første allmennkringkastingsregnskap 

2019: 

TV 2 får første utbetaling som kommersiell allmennkringkastar 

2018: 

Fem ting du bør vite om TV 2-avtalen