1. Startsiden
  2. Tv, film og radio
  3. Tv og bestillingstjenester

Tv og bestillingstjenester

Plikter for tv-kanalar

Det er plikter knytt til å sende tv i Noreg, blant anna for sendeløyve eller registrering, og vern av unge sjåarar, i form av aldersgrenser.

tv_nrk_sideview-1134x754.jpg

Konsesjonsplikt

Registreringsplikt for sendingar via satellitt, internett og kabel

Plikt til å tekste tv-program

Aldersgrenser

Vernetiltak og sendetidsreglar

Felles plikter for kringkastere og audiovisuelle bestillingstenester:

Reklame, sponsing og produktplassering
Identifikasjon
Plikt til rapportering av europeisk programandel

oransje strek 2 smalere.png

Konsesjonsplikt

Norsk Rikskringkasting AS (NRK) har ein lovbestemt rett til å drive kringkasting. Andre som ønsker å sende i det digitale bakkenettet for fjernsyn må søkje konsesjon frå Medietilsynet, etter kringkastingslova § 2-1. 
Søknadsskjema for konsesjon til lokal-tv og riksdekkjande tv finn du her.

Registreringsplikt for sendingar via satelitt, internett og kabel

Kringkastarar som er etablert i Noreg og skal sende via satellitt, internett eller kabel har plikt til å registrere seg hos Medietilsynet - også etter kringkastingslova § 2-1.  Registreringa skjer via Min side. Du må ha ein brukar for å gjennomføre registreringa. Fyll ut skjema for å få Min side-brukar, og register deg som kringkastar her

Plikt til å tekste tv-program

NRKs riksdekkande kanalar skal tekste alle tv-program som er ferdigproduserte. I tillegg skal alle direktesende tv-program mellom klokka 18.00 og 23.00 bli teksta dersom det er teknisk og praktisk mogeleg.

Riksdekkande, kommersielle tv-kanalar med meir enn fem prosent av dei samla sjåartala, må også tekste program. Dette er for tida TV 2s hovudkanal og TVNorge. Desse kanalane skal tekste alle ferdigproduserte tv-program som blir sende mellom klokka 18.00 og 23.00. Dersom det er teknisk og praktisk mogeleg skal dei også tekste direktesende program i det same tidsrommet.

Aldersgrenser

Tv-program skal ha ei aldersgrense, og sjåaren skal få informasjon om aldersgrensa på ein tydeleg og nøytral måte. Denne kan bli gitt munnleg før programmet startar eller ved tydeleg merking gjennom heile sendinga. Aldersgrensa skal vere tilgjengeleg i programguidar og -oversikter.

Det er i tillegg eigne sendetidsreglar for tv. Tv-program må ha ei av desse aldersgrensene: Tillaten for alle, 6 år, 9 år, 12 år, 15 år eller 18 år. Retningslinjer for aldersklassifisering er utarbeidde av Medietilsynet:

Retningslinjer: Aldersklassifisering av bildeprogram

Vernetiltak og sendetidsreglar

"Vannskillereglene" inneber at tv-kringkastarane må forhalde seg til sendetidsreglane i forskrift om vern av mindreårige mot skadelege biletprogram.

  • Innhald som tilsvarer aldersgrensene Tillatt for alle, 6 år og 9 år kan sendast heile døgnet.
  • Innhald som tilsvarer aldersgrense 12 år må sendast i perioden kl. 19.00 - 05.30.
  • Innhald som tilsvarer aldersgrensene 15 og 18 år må sendast i perioden kl. 21.00 - 05.30.

Innhald som kan vere alvorleg til skade for mindreårige er ikkje tillaten å vise på tv. For meir informasjon om aldersgrenser på tv, sjå Lov om beskyttelse av mindreårige mot skadelege bildeprogram, og retningslinjer for aldersklassifisering av biletprogram. 

 

Felles plikter for tv og audiovisuelle bestillingstenester

Både tv og audiovisuelle bestillingstenester skal følgje norsk rett dersom dei er etablert i Noreg. Det er fleire kriterium som avgjer om dei er etablert i Noreg. Hovudregelen er at om hovudkontoret ligg i Noreg og redaksjonelle avgjerder om programsamansetjing blir tatt i Noreg, er dei etablert i Noreg.

I visse tilfelle kan det også få betydning om ein større del av arbeidsstyrken er i Noreg. Der hovudkriteria ikkje kan bli brukte, vil det få avgjerande betydning om tenesta bruker eit satellittsamband eller satellittkapasitet plassert i Noreg (up-link).

Ei fullstendig oversikt over kriteria finst i kringkastingsforskrifta § 1-1.

Reklame, sponsing og produktplassering

Kringkastingsregelverket har instruksar om kva slags og kor mykje reklame som kan sendast samt korleis reklamen skal plasserast i sendeskjemaet. Det er vidare reglar om utforming av sponsoridentifikasjonar, og om når det er tillate med produktplassering.

Utfyllande informasjon om reklame sponsing og produktplassering finn du her.

Identifikasjon

Både tv og dei audiovisuelle medietenestene har stor betydning for meiningsdanninga i samfunnet, og befolkninga skal derfor kunne identifisere kven som er ansvarlege for innhaldet i tenesta, slik Kringkastingslova § 2-16 seier.

Sjåarane skal til einkvar tid, på ein enkel og direkte måte, ha tilgang til følgande opplysingar om tilbydaren:

  • Namn
  • Gateadresse og postadresse
  • Elektronisk postadresse
  • Eventuelle andre opplysingar som gjer det mogeleg å ta kontakt
  • Informasjon om relevante reguleringsmakter eller tilsynsstyresmakter. For norske tilbydarar må det som eit minimum bli opplyst at Medietilsynet er tilsynsstyresmakt etter kringkastingsregelverket.

Meir utfyllande informasjon om korleis tv-kanalar og audiovisuelle bestillingstenester skal oppfylle krava til identifikasjon finn du i Medietilsynets rettleier:

Rettleiar: Identifikasjon i fjernsyn og audiovisuelle bestillingstenester

Plikt til rapportering av europeisk programandel

Det er eit mål å fremme europeisk produksjon av program og seriar.

Kringkastarane skal sørge for at minst 50 prosent av sendetida i fjernsyn som ikkje består av nyheiter, sport, underhaldningsprogram med konkurranseprega innslag, reklame eller tekstfjernsyn blir sett av til sending av europeiske verk. Kringkastarane rapporterer på dette ein gong i året til Medietilsynet.

Tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester skal føre statistikk som viser andelen av europeiske verk i programkatalogane sine. Kvart fjerde år skal denne statistikken sendast Medietilsynet. Samtidig skal tilbydaren klargjere for korleis han har forsøk å fremme produksjonen av, og tilgangen til, europeiske verk.

Rapporteringa skjer kvart fjerde år. Skjema finn du her. Noreg rapporterer informasjonen vidare til EFTA sitt overvakingsorgan, ESA.

Rettleiar: Korleis fremme europeiske verk i kringkasting og audiovisuelle bestillingstenester