1. Startsiden
  2. Fakta og innsikt
  3. Rapporter

Kritisk medieforståing i den norske befolkninga

Korleis står det eigentleg til med oss nordmenn? Klarer vi å avsløre falske nyheiter eller å sjå forskjellen på redaksjonelt og kommersielt innhald?

Kritisk medieforståing er nøkkelen til å kunne forstå og bruke media på ein aktiv og medviten måte.

Medietilsynet følger utviklinga på desse og nye områda, og gjennomfører annakvart år ei undersøking om kritisk medieforståing i befolkninga. Område som blir kartlagde er blant anna falske nyheiter, kommersielt innhald i medium, personvern, tillit til media, og kjeldeforståing.