Informasjon om Min side og søknadsveiledning
"Min Side" er er den nye digitale sjølvbeteningssida til Medietilsynet for blant anna tilskottsmottakarar. Sida er til for deg som er medieaktør. I løpet av 2020 vil dei fleste prosessar for registering, rapportering og søknadar finnast her.
Det er ikkje mogleg å logge inn på "Min side" før vi har registrert deg som brukar og du har fått invitasjon på e-post. Kva informasjon vi treng frå deg kjem an på kva slags ordning du skal søke om eller registerere. Sjå nederst på sida for meir informasjon om kvar einskild ordning.
Hvis du ikkje har brukar på "Min side" må du registrere deg. Du vil få tilsendt ei lenke med invitasjon på e-post må du logge deg på. Her les du om korleis du gjer det.
Hvis du ikkje har brukar må du fylle ut skjema her. Registeringa blir gjort manuelt, og du får ein e-post når registreringa er gjennomført med meir informasjon.
Når du har motteke ein e-post med invitasjon frå "Min side" må du aktivere brukaren. Det gjer du på følgjande måte:
- Åpne e-posten frå Medietilsynet med invitasjon til "Min side"
- Klikk på lenka i e-posten for å stadfeste brukaren din
Passordet oppretter du første gong du skal logge inn. Når passord er oppretta, vil du få beskjed om å skrive inn ein sikkerheitskode. Denne vil du få på e-postadressa du har registrert. (OBS: Dersom du ikkje får e-posten med koden, kan det vere lurt å sjekke spam-filteret ditt.)
For framtidige påloggingar til "Min side", gjer du følgande:
- Gå til https://medietilsynet.force.com
- Skriv inn e-postadressa di (brukarnamn) og passordet du sjølv har laga
- Du vil få ein sikkerheitskode på e-post. Skriv inn den sekssifra koden, og vel "neste"
Du er nå innlogga på "Min side". Du vil få ein ny sikkerheitskode kvar gong du skal logge deg inn.
Pålogging

Videorettleiing til å logge deg på "Min side":
Registrer bruker på Min side
For å søke om støtte må du vere registrert med ein brukar på Min side. Dette gjeld sjølv om din virksomhet allereie har ein brukar hos Medietilsynet i samband med tilskudd, årsmelding, eller liknande.
For å registrere deg som brukar, trykk på denne lenka.
Det kan gå opptil 24 timar (på kvardagar) før du får e-post med aktiveringsinformasjon. Etter dette vil du finne søknadsskjema tilgjengeleg på Min side (søknadsskjema opnar i løpet av veke 43).
Har du spørsmål knytta til dette, ta kontakt på

Søknadsskjema for innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium finn du på Min side.
Om du ikkje har brukar må du fylle ut skjema her. Registeringa blir gjort manuelt, og du får ein e-post når registreringa er gjennomført med meir informasjon.
Nye brukarar blir aktiverte manuelt hos Medietilsynet. Om det går over eitt døgn og du framleis ikkje har motteke e-post, ta kontakt med oss på
Hugs å registrere deg som bruker på Min side i god tid og minst to dagar før utløpet av søknadsfristen.
Søknadsskjema for støtte til innovasjon og utvikling opnar 1. desember 2020 – og søknadsfrist er 26. januar 2021.
Søknadsskjema for produksjonstilskott 2021 opnar 28. januar kl. 10.00.
Søknadsfrist er 25. mars.
Om avisa ikkje har tenkt å søke om tilskott for 2021, ber Medietilsynet om å bli orienterte om det så snart som mogleg via e-post til .
Skal avisa søke om produksjonstilkott for første gang, ber Medietilsynet om å bli orientert om dette innen 18. februar via e-post til .
Søknad via «Min side»
Søknadar skal sendast via «Min side».
Medietilsynet må ha oppdatert kontaktinformasjon for at saksbehandlinga skal gå rett føre seg. Om avisa skal søke om produksjonstilskott og du ikkje allereie har tilgang til «Min side» må du sende følgande informasjon til
- Organisasjonsnummer på avisa/publikasjonen
- Namn og e-post til person som skal fylle ut søknaden
- E-post, namn og revisorføretak til revisor
Det er ikkje mogleg å logge inn på «Min side» før Medietilsynet har registrert deg som brukar og du har fått invitasjon på e-post. Dette gjeld òg dersom den personen som skal fylle ut søknad om produksjonstilskott er ein annan enn den som søkte om produksjonstilskott i fjor, eller om den som skal fylle ut søknaden, har fått ny e-post-adresse.
Rettleiing til aviser for søknad om produksjonstilskott 2021
Rettleiing for revisorar for søknad om produksjonstilskott 2021
Om du ikkje har fått ein brukar til "Min side" hos Medietilsynet må du kontakte oss for å blir registrert. Hugs å registrere deg som brukar i god tid og minst to dagar før søknadsfristen går ut: 25. november 2020.
Send ein e-post til med følgjande informasjon:
- Selskapsnavn (til dømes Medietilsynet)
- Namn på kontaktperson som skal nyttast (t.d. Namn Namnesen)
- E-postadresse til kontaktperson (t.d. )
Er du ny distributør av film eller video - eller har du ikkje vore i kontakt med oss tidlegare? Fyll ut skjemaet "Registrer deg som ny distributør" her.
Ta kontakt på om du har spørsmål om videogram, og på om du har spørsmål om kinofilm.
Du vil få innloggingsinformasjon til "Min side" etter vi har registrert deg i systemet.
For å drive kringkasting etablert i Norge må du registrere deg hos Medietilsynet. Dette gjeld sendinger (tv og radio) via satellitt, internett eller kabel må du registerere deg hos Medietilsynet.
Kringkasting er definert slik: utsending av tale, musikk, bilder og liknende via elektroniske kommunikasjonsnett, ment eller egnet til å ses eller høres direkte og samtidig av allmennheten.
Du må være registrert Min side-brukar for å kunne registrere deg som kringkastar.
Registrer deg for Min side-brukar.
Har du allereie Min side-brukar? Då kan du registrere deg som kringkastar her.
Hold deg oppdatert på hva som skjer i medie-Norge med Medietilsynets nyhetsbrev: 📰Abonner på nyhetsbrevet her